noende

Med Team Rynkeby til Paris

27. november 2019 09:00

Team Rynkeby har ein interessant forhistorie. Denne vil du få med deg når:
Ingunn Frettte og Roy Martin Øyjord kjem på "Frukost ved fjorden" og kåserer om den laaange sykkelturen til Paris - og kvifor. Og dei utruleg mange mil med trening her heime før dei vart godtatt til å få vera med i Team Rynkeby. 

Onsdag 27.11. får me eit biletkåseri frå den tøffe turen i juli 2019.

Du får for kr 150,- i tillegg ein gedigen frukost vårt flinke kjøken-personell steller i stand. Kvar 6. frukost pr sesong (oktober til mars) gratis.

Denne onsdagen er det sett opp buss frå Circle K i Ølensvåg kl 0820. Ein kan gå på bussen alle stopp mellom Ølensvåg og Åkrafjordtunet.

Men det er ein minibuss, så ein må ringa Åkrafjordtunet 5377 1483 å tinga plass. Bussen kostar kr 50- tur/retur.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter