Frukost ved fjorden
4. desember 2024 09:00
Adresse: Teigland, 5596 Markhus
"Mine dikt" er tittelen på det kulturelle innslaget fyrste onsdag i desember.
Martha Eikemo Sund tek oss med til "Hi sido". Ho har skrive dikt i mange år,
fleire av dei er presenterte m.a. i Grannar. No har ho fått gjeve dei ut i bokform.
Den fyrste onsdagen i desember er det tankar i diktform frå Eikemo og "hi sido" av Åkrafjorden.
Dørene opnar kl. 09.00. Ingapåmelding naudsynt.
Det kulturelle innslaget startar kl 10.00, og varer ca 40 minutt.
Kostar kr 200,- og kvar 6. frukost er gratis.