Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

EIN ANNLEIS BUTIKK FOR EIN ANNLEIS HANDEL

Gå til nettbutikken vår

FYRSTE


Åkrafjordtunet inneheld ein litt «annleis» butikk der ein kan gjere ein litt «annleis» handel.

Forutan vanlege kolonialvarer finn ein her eit vell av kvalitetsvarer – mellom anna kjøtt og pølser frå Johs. Lundal & Sønner. Lundals produksjon av spekemat og eldhusrøykte kjøttvarer ligg like ved, og ein del av butikken fungerer som deira fabrikkutsal. Butikken på Åkrafjordtunet er kanskje Vestlandets største lokalmatutsal med over 30 direkte leverandørar.

EIN AV NOREGS MEST MERITTERTE SPEKEMATPRODUSENTAR FINN DU HJÅ OSS


Johs. Lundal & Sønner blei i 1998 kåra til Noregs beste spekematprodusent. Vilt, pinnekjøtt, heimelaga karbonadar, ekte geitost, honning, hermetiserte plommer, klippfisk, røyke laks, nordlandskaker, lefser og flatbrød er berre nokon av spesialitetane me kan frista våre besøkande med.   

«Dei som er opptatt av Vestlandets kulinariske opplevingar har ikkje noko anna val enn å leggje turen innom Åkrafjordtunet.»

Henta frå «Veier til Vestlandsmaten» av Erling T. Gjelsvik.

 

 

 

Utmerkingar

ÅRETS MERKUR-BUTIKK 2011

 

ÅKRAFJORDTUNET ER ÅRETS MERKUR-BUTIKK


 

John Karsten Hustveit stakk av med seieren og Åkrafjordtunet i Etne kommune ble årets Merkur-butikk. Litt over 500 bygdebutikkar er med i Merkur-programmet og deltok i konkurransen.

— Hustveit er en eksepsjonelt kreativ og alltid smilande kjøpmann som ser muligheiter der andre kanskje ikkje ser noko i det heile tatt, heter det i ei pressemelding frå Merkur-programmet etter kåringa.

Merkur-programmet er eit kompetansehevingsprogram for utkantbutikkar i regi av Kommunal- og regionaldepartementet. Programmet starta i 1995 og er ei vidareføring av dei gamle støtteordningane til dagligvarehandelen i utkantstrøk.

I juryens grunngjeving heiter det at «Åkrafjordtunet får prisen for svært god butikkstandard, for økt omsetning og for viljen til å satse. Åkrafjordtunet kan dei siste ti årane vise til ein formidabel vekst.

Ved sidan av dette har juryen særleg lagt vekt på bredda av tilleggstenester som sikrar eit godt tilbod til folket som bor der. Butikken er ein god ambassadør for Merkur-programmet og er alltid til stede på våre samlingar. Kjøpmannen er ein ressurs som mange andre butikkar kan lære av.»

Åkrafjordtunet ligg i eit område med få husstandar, men trafikken på E134 har gjort det mogleg å satse på turistar.

— Åkrafjordtunet har klart å bli ein viktig stoppestad, og klarar å balansere det å vere både turistbutikk og bygdebutikk. Derfor kan butikken skilte med 100 prosent oppslutning frå bygdefolket, heiter det i pressmeldinga.

Prisvinner John Karsten Hustveit satsar stort på lokal mat og sel mat frå 20 forskjellige produsentar i nærområdet. Butikken har både kafé, catering, overnatting, nasjonalparkutstilling og turistinformasjon.

— Frå ein liten butikk som absolutt trengte Merkur-programmet har butikken på litt over ti år vokset seg stor. Dei har satsa og lykkes og står nå stødig på eigne bein, heiter det i meldinga.

 

 



 

Share on Facebook

Logg inn