Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Frukost ved fjorden - Hausten 2026

Onsdagar kl 09 - 11 - Underhaldning kl 10.00

Pris: kr 250,- per person - Kvar 6. frukost gratis!

Oktober

  • 7. Frukost ved Fjorden nr 300! Alexander Hauge er gjest med musikk, song og historiar frå gruvetida på Visnes på Karmøy m.m. Sjå malmgubben.no
  • 14. Geirr Vetti - den kjente stibyggjaren frå Skjolden i Sogn kjem på besøk. Aktuell med bygging av langfosstrappene. Her får me bilde og historiar som gjer inntrykk.
  • 21. Historia om Skule-Erik - Kom og høyr den utrulege historia om Skule-Erik (1823 - 1920). Skule-Erik budde i Åkra og rodde innover fjorden for å vera lærar på 11 ulike stader langs fjorden i 14 år. Knut Inge Tokheim, nå busett i Langesund, fortel.
  • 28. Oddgeir Bruaset - Sjølvaste Oddgeir Bruaset vitjar oss. Han har gitt ut ei ny bok med tittelen «Vegen som vart min». Her fortel han frå eigen oppvekst i Romsdal, og om viktige tilfeldigheter.

November

  • 4. Musikk på mange strengar - Lena og Jan Husebø frå Ølen saman med Alise Jonassen frå Stord.
  • 11. Besøk av vertskapet på Åkre gard på Nå i Hardanger - Frå frukttre til ferdig prisvinnande sider og eplemost.
  • 18. Ola Breivik - Han visar filmsnuttar og bilde frå Fagerheimsamlinga i Sauda. Bestefar hans, Ola Fagerheim, hadde ein imponerande og sjeldan måte å formidla utviklinga frå gardsdrift til industrien kom til Sauda. Eit historisk tilbakeblikk.
  • 25. Baidaa er gjest i dag - Ho er frå Syria og vart raskt populær Etnebu med fast arbeid på omsorgssenteret. Satt ved kongens bord etter kongebesøket i mai.

Desember

  • 2. Ragni og Lars Berner - Fortel og visar nydelege bilde frå fleire spanande dagsturhytter i nær og fjærn.
  • 9. Sveinung Bjelland underheld i kjent stil - Musikar, tekstforfattar og sauabonde med røter frå nordsida av Åkrafjorden. Kjent som frontfigur i gruppa Pakkers.
  • 16. Trond Ove Alvseike - Han har laga ei ny bildebok med 250 sider frå Etne kommune. Han fortel frå bokarbeidet og visar flotte bilde. Det vert og høve til å kjøpa signert bok på denne siste frukosten før jul.

Arrangementet er støtta av: DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN

Share on Facebook

Logg inn