Frukost ved fjorden
26. februar 2025 09:00
Adresse: Teigland, 5596 Markhus
"Kvitanesen" = Torbjørn Ljones
Her kjem eit av innslaga som har gjort det spennande å vera prosjektleiar for "Frukost ved fjorden".
"Kvitanesen" Er sett på programmet etter tips frå ein av gjestene våre. Prosjektleiar veit ikkje stort meir enn at han skal vera skikkeleg morosam å høyra på. Me har teke spanderbuksa på, og hentar han heilt frå Austlandet. Men... han er opphaveleg harding.
SISTE - SISTE!
Kvitanesen skriv om folk og hendingar på Vestlandet; av og til er det sant, av og til på kanten av sanninga.
I mange år har han rodd fjordane på kryss og tvers for å møta folk, lesa og underhalda i naust og bedehus, kyrkjer og nedlagte skular.
Slikt vert det også forteljingar av.