Frukost ved fjorden
19. november 2025 09:00 - 11:00
Adresse: Åkrafjordvegen 1105, 5596 Markhus
Onsdag 19. november kjem Spira Utvikling frå Tongane i Etne til Frukost ved fjorden. Spira er ein interessant arbeidsplass med mange aktivitetar, arbeidsoppgåver og mange muligheter. Her får du vita meir om kva dei held på med i kvardagen. Meir enn me trur og veit kanskje. Litt om nye butikken i Etne sentrum vil dei nok og sei litt om. Bli med på ein god novemberfrukost og ta gjerne med naboar og kjende!

