Frukost ved fjorden
28. oktober 2026 09:00 - 11:00
Adresse: Åkrafjordtunet kafe,
Sjølvaste Oddgeir Bruaset vitjar oss på Frukost ved Fjorden i dag. Han har gitt ut ei ny bok med tittelen "Vegen som vart min" Her fortel han frå eigen oppvekst i Romsdal, om viktige tilfeldigheter. (Klikk på bilete for å lesa alt) Han har og vore journalist og under eit besøk i Geiranger vart han inspirert til å laga tvprogram om stader der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Om me har forstått det rett, kontakta han NRK, men fekk blankt avslag den gongen, sidan han ikkje hadde kjendisstatus...Han fekk seinare laga 3 program for å testa interessa. Med sjåartal opp mot ein million, vart det straks meir interessant for NRK og det vart til slutt imponerande 72 program. Han kjem og til å fortelje nokre muntre historiar frå programma. Boksal.

