Frukost ved fjorden
11. november 2026 09:00 - 11:00
Adresse: Åkrafjordtunet kafe,
11.nov får Frukost ved Fjorden interessant besøk av vertskapet på Aakre Gard. Fruktgarden ligg på Nå i Hardanger. Dei fortel om arbeidet og prosessen frå eple på trea til prisvinnande sider og eplemost. Aakre gard har vore i familien gjennom 10 generasjonar, frå dei første bøndene som planta dei første epletrea, til dagens drift ved Gjermund Åkre. Garden er heim til 30 ulike eplesortar, i tillegg til moreller, plommer og kirsebær. Eit utval av desse fruktene vert til sideren Edel, samt dei velsmakande drikkane Blåne, Fylgje og Løynd. Velkommen til god frukost kl 9 og Aakre gard kl 10. Sjå akregard.no

