Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Kalender

Dato/tid Beskrivelse Pris Sted
07.10.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Denne oktoberdagen feirar me "Frukost ved Fjorden" nr 300 !!! Alexander Hauge frå Visnes på Karmøy har sagt ja til å ha underhaldning på jubileumsdagen. Han bidrar i kjent stil med m.a. gode historiar frå gruvetida. Han spelar og gitar og syng. (klikk på bilde for meir tekst) Han er godt bevandra i Amerika og k ...

Åkrafjordtunet kafe,

13.10.2026 19:00-21:00 Kvelds på Camp Åkrafjorden

Åkrafjorden Oppleving inviterer dei som ikkje rekk frukosten i morgon med Geirr Vetti på Åkrafjordtunet, til velsmakande kveldsmat på Camp Åkrafjorden på Rullestad. Her fortel Geirr Vetti frå 3 interessante tema: Arbeidet med Langfosstrappene, andre Sherpastiar i Norge, og kva dei har betydd for bygdefolket, og ...

Voksen: 250 kr

Påmelding

Rullestad,

14.10.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

14. okt, er me heldige og få vitjing av Geirr Vetti frå Skåri i Skjolden i Sogn.                            Tema: Sherpastiar i Norge, kva har det betydd for bygdefolk der sherpaene med sin unike kunnskap om steinarbeid har utført oppdrag.Snekkarmeister og fjellbonde Geirr Vetti vart først kjent frå ...

Åkrafjordtunet kafe,

21.10.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Kom og høyr den utrulege historia om Skule-Erik (1823 - 1920) på Frukost ved Fjorden. Skule-Erik budde i Åkra med kona og 10 born. (trykk på bilde for meir tekst) Skule-Erik rodde innover fjorden for å vera lærar på 11 ulike stader langs fjorden i 14 år. Knut Inge Tokheim, nå busett i Langesund, kjem over fjel ...

Åkrafjordtunet kafe,

28.10.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Sjølvaste Oddgeir Bruaset vitjar oss på Frukost ved Fjorden i dag. Han har gitt ut ei ny bok med tittelen "Vegen som vart min" Her fortel han frå eigen oppvekst i Romsdal, om viktige tilfeldigheter. (Klikk på bilete for å lesa alt) Han har og vore journalist og under eit besøk i Geiranger vart han inspirert til à ...

Åkrafjordtunet kafe,

04.11.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Først som vanleg ein velsmakande god frukost. Så får me triveleg musikk på mange strengar! Jan Husebø med gitar og kontrabass, Lena D Husebø fiolin, og Alice Jonassen fiolin, Her kjem gamle og nye viser, glimt av folkeleg musikk frå fleire land, norsk, irsk og amerikansk for å nevna noko, Berre å gle seg, det ...

Åkrafjordtunet kafe,

11.11.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

11.nov får me besøk av Aakre Gard som fortel om arbeidet og prosessen frå eple på trea til prisvinnande sider og eplemost.    Meir info kjem snart. Sjå akregard.no 

Åkrafjordtunet kafe,

18.11.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Fra vogge til grav. Ei forteljing om Saudakunstnaren og treskjæraren Ola Fagerheims liv og virke.Ola Breivik frå Sauda er engasjert forteljar og vitjar oss på frukosttreffet 18.nov. Han visar filmsnuttar og bilde frå Fagerheimsamlinga i Sauda. Ola Fagerheim var bestefar til dagens forteljar. Ola Fagerheim var tresk ...

Åkrafjordtunet kafe,

21.11.2026 Julabord

Finn fram finstasen, få med deg gode kollegaer, vener eller heile gjengen – og bli med på ein kveld med god mat, godt lag og skikkelig underhaldning!  På Åkrafjordtunet blir det julabuffet med dessertbord, og på scenen får me oppleva Kurt Johansen og Lille-John Klementsen med show og dansemusikk. Her kan det ...

Voksen: 899 kr

Påmelding

Åkrafjordvegen 1105, 5596 MARKHUS

25.11.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

I dag får me besøk av Baidaa, flyktning frå Syria som kom med familien til Etne i 2016. Ho vart fort kjend med fleire etnebuar og kom fort i arbeid på Etne omsorgssenter. Der har ho i dag fast arbeid som helsefagarbeidar. Ho fortel litt frå livet i Syria når dei måtte forlate heimlandet, fluktturen og ikkje mins ...

Åkrafjordtunet kafe,

02.12.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

I dag har me fått Lars Berner og Ragni, som ofte er gjester på "Frukost ved Fjorden", til å vise flotte bilete og fortelje frå turar dei har hatt til populære dagsturhytter i nær og fjern. Dei ynskjer å visa kor mange flotte turmuligheiter som vert lettare synlege og tilgjengelege etter dagsturhyttene kom. Me se ...

Åkrafjordtunet kafe,

09.12.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Etter ein velsmakande desemberfrukost er me i dag så heldige å få Sveinung Bjelland med gitar og song til å ha litt underhaldning for oss frukostgjester. Det ser me fram til !

Åkrafjordtunet kafe,

15.12.2026 Julakvelds

JULAKVELDS – TRADISJONSRIK KVELDSBUFFÉ 🎄 Tirsdag 15. desember inviterer me te ein skikkeleg koselege julekveld med god mat, song, musikk og quiz! 🎶✨ Her blir det tradisjonell kveldsmat, godt lag og god julastemning – akkurat sånn me lika det! 🕖 Kl. 19.00–22.00 Husk påmelding! Vaksne: 590,-Barn 6 ...

Voksen: 590 kr

Påmelding

Åkrafjordvegen 1105, 5596 MARKHUS

16.12.2026 09:00-11:00 Frukost ved fjorden

Trond Ove Alvseike har laga ny bildebok. Denne gongen med 250 sider frå Etne kommune. Han fortel frå bokarbeidet og visar flotte bilde. Det vert og høve til å kjøpa signert bok på denne siste frukosten før jul. Boka er og til sals på Åkrafjordtunet.

Åkrafjordtunet kafe,

Share on Facebook

Logg inn